skelund Futegard ligg vakkert til heilt nede ved sjøen i kulturbygda Balestrand. Som ei kvit svane ligg huset der mellom fleire raude sveitsersmykker. I restane av den gamle parken kan ein sjå fleire store vakre tre som har stått saman med Futegarden gjennom tidene. Enorme kvitbøker, kristorn, sølvgran og eik. Freda vekster i harmoni med dette sjeldne huset. Garden Askelund var futesete frå 1790 fram til 1899. Huset har vore sommarresidens for rikfolk, hotell, skule og bustad.